Sv: Kan man klare seg med bare Nissan Leaf?
Tingen med Leaf er jo at den er ikkje ein bil som ein kjører på måfå med. Ein kan dra på kundebesøk, men må jo vite at ein kjem seg fram og tilbake. For dei fleste er slike problemstillingar ikkje aktuelle - dei fleste pendlar mellom heim, jobb og fotballbanen temmelig forutsigbart, og da duger bilen i massevis. Men om ein har ein bilbruk som betyr at ein kan ha behov for 20 mil i det daglige - da utgår denne bilen!
Eg bruker bilen mykje meir enn tenkt. Den blei kjøpt til mor, for å pendle heime-jobb, men er endt opp som familien sin faste bil. Til handleturar, kjøring av ungar, til plasser vi skal gå tur, men dette skjer da innafor kommunen. Eg har gjerne 2-3 mil igjen "til gode" når eg parkerer. I dashbordet ser ein kor mykje som gjenstår. Og ein får varsel når ein bør begynne å tenke på å finne ein kontakt.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|