Sv: Kunsten å kutte snusen ...
Opprinnelig lagt inn av Maverick, her.
Kan en røyker på noen måte gjenvinne de siste 20 prosentene respekt hos deg, Simone? Ved å få Nobels fredspris, for eksempel? Eller er det slik at enhver røyker automatisk blir 20 % mindre verdt enn de som ikke røyker, samme hvordan de ellers lever?
Drit no i dei prosentane, då! Det er ikkje viktig!
Poenget mitt var at eg får litt mindre respekt for ein person når eg oppdagar at han/ho røyker. Eg prøver å finne eit bedre ord enn respekt, for eg trur kanskje eg legg noko anna i det ordet enn andre her.
Har du spilt the Sims? Der er det sånn barometer med + og - når personane snakkar med kvarandre. La oss seie det sånn at eg kan ha full score på ein person og like han/ho veldig godt, men så blir det litt minus-minus på barometeret i det eg oppdagar at personen røyker. No blir eg vel mobba for den analogien også....dustenerd, liksom.
Og det er sjølvsagt mange andre ting enn røyking som gjer at barometeret kan få litt minus. Så ein ikkje-røyker kan også plutselig gå frå 100% til 80%. Og alle kan sjølvsagt krype oppover igjen på barometeret. Ein røyker kan for eksempel gjere det ved å innrømme at det er skikkelig dust å røyke og at det går utover andre sjølv om dei røyker ute. Endå litt meir opp viss han/ho seier at dei prøver å slutte og full pott igjen dersom dei faktisk sluttar.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|