Sv: Å gå tomt for knær ...
Eit litt på sidelinja-spørsmål som eg har tenkt på ei stund, med tanke på dette med privat og offentleg utredning.
Eg har nemleg gått til privat kiropraktor og fysioterapeut for å halde plager i sjakk medan eg har stått på venteliste. Når eg kjem til sjukehuset seier eg at "Kiropraktoren har sagt at dette problemet kan skuldast slik-og-sånn og fysioterapeuten har sagt at dette problemet kan skuldast sånn-og-slik. I tillegg har begge nemnd at medfødt problem slik-og-sånn er ein risikofaktor som kan spele inn på dette problemet". Legen svarer med eit skuldertrekk og seier "Vi får sjå kva eg finn, når eg undersøker deg", utan vilje til å følgje opp forslaga eg har fått. Viss derimot eg får kiropraktoren til å skrive dette til fastlegen min som sender det i eit brev til legen på sjukehuset, då tar legen på sjukehuset forslaget til kiropraktoren dette med i betraktninga. Dette har eg opplevd i fleire instansar nå, og eg blir stadig overraska over dette behovet for å "begynne på nytt" og den manglande vilja til å lytte til det eg fortel at andre fagfolk har sagt.
For meg kjennest det litt bortkasta. Eg skjønner at legen vil undersøke meg og sjå ordentleg på problemstillingane eg kjem med, men eg synest det er rart at det er slik mangel på vilje til å sjå nærmare på ting andre fagfolk har foreslått. Er det ei stoltheitsgreie hos legen, eller er det ein generelt fenomen som kan begrunnast fagleg? For i mine auge framstår det som ei stoltheitsgreie hos legen.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|