Sv: Har du Kindle?
Opprinnelig lagt inn av nokon, her.
Men sånn for å kommentere utgangspunktet for pollen (og ikkje bare henge seg opp i bruken av merkenamn som substantiv), har eg inntrykk av at veldig mange bruker e-bøker. Eg har søkt litt på nett nå, men eg klarer ikkje finne marknadsundersøkingar som skil mellom å lese e-bøker på nettbrett og telefon eller liknande og på å lese på lesebrett.
NRK viser til ei undersøking kor 10% av befolkninga har kjøpt e-bøker det siste året.
Klassekampen skriv om at dei aller fleste av dei 150 000 registrerte brukarane av e-bøker i norske bokhandlarar har bare lese ei bok. (Her kjem jo ikkje Kindle med, i og med at det ikkje blir registrert i norske bokhandlarar).
Men der er det jo mange som kun bruker nettbrett og f.eks. Ark-appen.
__________________
Vi gjør alle så godt vi kan
Og vi gjør alt feil.
- No. 4 -
|