Sv: Bil nummer 2
Vi har Touran og kjøpte Leaf i fjor. Eg pendlar 9 mil til jobb (totalt fram og tilbake). Til nå er Leaf'en kjørt 18 000 km - den blir eitt år i desember.
Fantastisk bil, og den nye modellen er jo både billigare og med meir rekkevidde enn da vi kjøpte. Nye til BMW blir sikkert bra!
I starten kjørte eg fram og tilbake utan mellomladning. Det var ganske nervøst enkelte kalde dagar, særlig når det blir mange minus. Å varme opp kupeen sug vannvittig med batteri. Men nå ladar eg på jobb også - sjølv om det strengt tatt ikkje er nødvendig. Men det er litt for å ha litt "saft" igjen til kvelden - om ein skal noko da.
For om ein har kjørt bilen nesten tom, parkert i garasjen og satt i lading, så kan ein ikkje plutselig kjøre ein ny langtur på kvelden. Den brukar tid på å lade seg opp på nytt. Men det behovet melder seg nesten aldri - for vi har jo Touran som backup. Den står stort sett berre parkert heile tida. Leaf er blitt hovedbilen.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|