Sv: Hva gjør skolebarn når de står opp i juleferien?
Her er det speling for alle penga. Dei spelar Wii, småkranglar, ler så dei trillar, og greier seg stort sett heilt fint. Dei står gjerne opp ca. halv åtte, 8 og 10 år gamle. Så held dei på ei stund, til vi seier stopp. Da må dei gjerne ut og lufte vetet, eller gjere ande ting saman med naboungar. Spelar litt spel, spelar kort, ser på youtube, kjører radiobil og dillar med julepresangar som dei fekk. Dei deltek i matlaging her heime, vi ser gjerne ein film saman alle fire, og så er det meir speling på Wii.
Veret har vore elendig denne jula - verkeleg slik at ein kan ikkje utan vidare sparke dei ut i ausande regn. Derfor har det blitt i overkant mykje tv-spel.
Ingen i familien ser TV lenger. Verkeleg. Vi ser ingenting, ikkje nyheter ein gong.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|