Sv: Intetkjønnsskurr
Eg kan for øvrig fort ende opp med å bruke veldig mykje tid på å skrive om formuleringar, miste tråden i det eg skriv fordi eg blir opphengd i eit eller anna på formuleringsnivå og ende opp med å bruke tre gonger så lang tid som nødvendig, på eit arbeid. Så eg har lært meg til at når eg er inne i ein god flyt, når det gjeld innhald, bare skriv eg. Og så markerer eg formuleringar eg ikkje er fornøgd med med ein #. Når eg er ferdig, går eg gjennom teksten med ctrl.+F og skriv om alle dei markerte setningane. Eg veit ikkje om det er eit relevant tips for din del, men eg synest det fungerer godt, når eg heng meg opp i ord.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|