Sv: [Spin-off] God, norsk samtidslitteratur
Eg oppdaga Benedicte Meyer Kronenberg i vinter. Hvis noen ser meg nå er ei sår og sterk skildring av dei to tvillingjentene Vanja og Mona. Vi følgjer dei gjennom tre halvår, tidleg i puberteten, i studietida og i voksen alder. Boka handlar både om det å heile tida samanlikne seg med ein annan (som i utgangspunktet er heilt lik ein), om spiseforstyrrelsar og om å vere den "sterke" som klarer seg fint og må ta hensyn til ei sjuk søster. Eg blei særleg gripen av den første delen. Eg synest Kronenberg skildrer miljøet på ein ungdomsskule, all usikkerheita i forhold til kropp, popularitet, lausriving frå foreldre og liknande på ein veldig god måte.
Ei anna, relativt nyoppdaga perle er Anne Kyong-Sook Øfsti sin debutroman Si at vi har hele dagen. Denne handler om Rebekka som nyleg har mista søstera si Marion, etter lang tids sjukdom. Rebekka er i stor sorg og sidan ho dermed ikkje fungerer i jobben som familieterapeut, tar ho ut ferien på forskot. Dei to søstrene er adoptert frå Korea og ho reiser dit for å leite etter den biologiske mora til Marion, for å fortelje henne at dottera hennar er død. Boka er veldig nøktern og usentimental, til tross for eit plott som kunne vore fullt av klisjéar. Eg trur på Rebekka og eg trur på den reisa ho gjer.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|