Sv: Tassimo eller Dolce Gusto?
Hm? Dersom ein vil ha varmt vatn er det jo berre å starte maskina uten kapsel i? Det går i alle fall heilt fint på Dolce Gusto.
Når det gjeld boikott av Nestlè, begynner ikkje syndene der å bli litt gamle?
Eg følger ikkje godt nok med til å vite kva Nestlè gjer med markedsføring fattige land i dag. Ein anna ting er at dersom ein skal boikotte Nestlè er det ei lang rekke med andre merker ein også må boikotte. F.eks Bodyshop, Biotherm, L'oreal osv. Ikkje lett å følge med på alt!
Men om ein har sterke meiningar om Nestlè er det sikkert like greit å styre unna både Nespresso og Dolce Gusto.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|