Sv: Realistisk dystopi?
Eg las denne for eit par år sidan og eg trur det er ei av dei bøkene eg har lese som har gjort sterkast inntrykk på meg. Eg trur at sjølv om samfunnet bak muren i The Handmaid's Tale er langt unna på samfunnsnivå, finst det allereie mindre og meir lukka samfunn som allereie har ein etikk og eit overvåkningssystem som er samanliknbart. Ein treng ikkje bevege seg langt ut i det ekstreme, før religiøse miljøer med eit kvinnesyn av denne typen er ein realitet. Nå hugser eg ikkje detaljane i det huset der Offred budde, men var det ikkje slik der at ein del av kvinnene såg på det dei hadde som heilt normalt og at normalitetsbegrepet var ganske langt unna det vi forstår som fridom? Det trur eg i alle fall er tilfelle i ein del religiøse miljøer, og dei som ikkje er av dei mest ekstreme. Kvinner kan argumentere for at dei er underordna mannen, utan at dei sjølv opplever dette som ekstremt. Ikkje bare i arabiske land, men og i det vestnorske bedehusmiljøet.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|