Sv: [Interiør] Hvor stilsikker er du?
Eg har min eigen stil. Den er i stor grad påverka av engelsk mellomkrigsstil, noko som passar huset og arkitekturen perfekt. Eg har fargar i huset i motsetnad til dei aller fleste; terracotta, muskat, lindegrønt og havblått. Eg har stormønstra tapet, handlaga fliser i sterke fargar og blyglas, store klassiske engelske sofaer på messinghjul og handlaga knyteteppe på golvet. IKEA, arvestykke, ny og gammal brukskunst, loppisfunn, fotokunst og portettbilete i en salig blanding. Vi har bygd nokre av møbla sjølv, slik at dei passar perfekt. Vi har og laga nye kopiar av gamle dører i huset for å få riktig stil.
Eg har hatt ein nøytralt lysmåla sop-i-hop-heim medan vi venta på totalrenovering. Eg har brukt mange år på å finne dei fargane og den stilen eg har. Fargane er henta frå min eigen barndomsheim og huset til mormor og morfar, så eg veit eg likar dei over tid.
Ingen er vel ei øy når det gjeld smak og stil, eg heng mykje på Pinterest og får inspirasjon der. Men det er jo ein viss skilnad mellom å vere ei øy og vere heilt mainstream. Eg las mykje Bonytt i fjor, og dei liksom-så-originale-heimane til folk var jo prikk like, alle har dei same designklassikarane, ape, Y-stol, pistollampe og blablabla. Det er jo ikkje det spøtt mer originalt enn dei som har desse skallstolkopiane frå Bohus, Ommagiovase og rekved. Berre dyrare.
Men eg er altså heller ikkje ei øy, eg ser at krydderfargane og gamlissofaene mine kjem for fullt, så snart har de fargar på veggane, alle i hop. 
__________________
“Time and trouble will tame an advanced young woman, but an advanced old woman is uncontrollable by any earthly force.”
― Dorothy L. Sayers
|