Sv: Konspirasjonsteoretikere
Eg har ein nabo som er vaksinemotstander, men ho er ikkje konspirasjonsteoretiker. Syns ikkje dei to begrepa høyrer heilt heime i samme bås. Det kjem litt an på kvifor ein er vaksinemotstander.
I dette tilfellet er det fordi ho trur det kan vere skadelig, ikkje fordi ho trur CIA står bak eller noko sånt. Så ho skal ikkje ta Covid-vaksinen. Ho har nettopp gått gjennom cellegift-behandling, så ho burde nok ta den. Men det er frivillig, så det er ikkje så mykje andre kan gjere med det når ho ikkje vil. Med litt flaks blir ho beskytta av alle rundt som tar vaksinen.
Eg har ein kollega som muligens er i kategorien konspirasjonsteoretiker, men der meiner eg det er psykisk sjukdom inne i bildet. Litt sånn paranoia/forfølgelsesvanvidd. Ho forteller dei villaste historier om ting som har forsvunne og rare ting som skjer på PC'en der ho meiner at kanskje CIA eller KGB kan vere involvert. Og så meiner ho at ho har blitt forfulgt på gata i Lisboa fordi ho hadde amerikansk pass osv. I tillegg er ho veldig redd for wifi og mobilstråling, så alle må skru av mobil og wifi-router når ho er i nærheten. Litt slitsomt. Men akkurat på det området er til og med Gro Harlem Brundtland litt loco. Og eg kallar ikkje ho for konspirasjonsteoretiker!
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|