Sv: Hellas - det perfekte sted for halvstore barn?
Det er litt vanskelig å tilfredsstille komboen vannsklier og lite barn 
Ving sitt Ocean Beach Club på Kypros har alle dei positive elementa frå Sunwing, men med langt færre småbarn og mindre skrik og skrål. Og ein får bruke bassenga på Sunwing som ligg rett ved sida av. Der er det også eit par små vannsklier og Teen Lounge med PlayStation og diverse spill.
Men eg er redd du er litt seint ute! Sikkert rimelig fullt i juli i alle fall. Prisane er ganske stive også, men eg var superfornøyd då vi var der sist!
Vi skal tilbake dit i haustferien, og eg gledar meg allereie! Stranda i Sandy Bay rett nedanfor hotellet er også veldig fin.
Vi var ein dag ved bassenget på Sunwing då vi var der sist og då var eg heilt koko i hovudet etter ein time. Det var altfor masse barn og folk generelt kombinert med høg musikk. Ocean Beach Club er veldig mykje roligare.
Atlantica Holiday Village i Kolymbia på Rhodos har også vannsklier, men også masse barn! Men dersom ein velger å bu i Tropical-delen er det veldig rolig og fint med eigen frokost-restaurant og ganske stort basseng. Og så kan ein heller gå til dei store bassenga når ein har lyst på action.
Det er også to andre hotell i Kolymbia på Rhodos med store basseng og vannsklier, blant anna Aegean Park. Alle er i Atlantica -kjeden og det er TUI som er operatør. Men der er det også mange barn! Dersom eg skulle reist dit no med store barn ville eg spandert på meg rom med swim-out slik at det er mulig å ha det litt rolig innimellom.
Einaste ulempen med desse hotella på Rhodos er at Kolymbia er langt ute på landet. Og så er det All inklusive.
På Ocean Beach club på Kypros kan ein velge å ha berre frokost eller ingen måltid inkludert.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|