Sv: Oslo-Lom i slutten av juli
Input, var det Prøysenmuseet du la ut på insta nyleg? Eg lagra den posten, fordi det såg ut som ein fin plass.
Båttur på Gjende er jo glimrande, særleg dersom mora ikkje er i form til så lange turar. Eg har bare køyrd forbi (Valdresflya) men ikkje stoppa ordentleg i området der.
Rafting er nok ikkje aktuelt. Dette er ein unge som er nokså tilbakehalden når det gjeld fart og spenning … Han meiner tømmerrenna er farlig og sitt gjerne på ein benk mens parkfølget tar den i Tusenfryd.
Eg ser på moglegheita for å køyre via Nesbyen eller om Trysil for å prøve stisykling på tilbakevegen. Er det andre som kjenner til desse anlegga og veit om det er verdt omvegen?
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|