Sv: Filosofi (transperson som eksempel)
Eg quota Karamell for å kommentere, fordi eg fekk bakoversveis av eksempelet på kva du la i «åpne opp». Men eg ser at du har fått motstand på det. Derfor prøver eg å generalisere nå, ikkje kritisere deg Him spesielt. Eg veit mykje om å vere tjukk, og eg blir oppgitt over slike utsagn fordi det ligg implisitt i det at eg opplever det å vere tjukk som eit problem, utan at eg har sagt noko om det først. Det er sikkert dei som vil kalle meg lett-krenka og hårsår, men for meg er kropp og vekt eit vanskeleg tema og eg synes det er veldig privat. Så privat at eg brukte høyde i staden for vekt i eksempelet mitt over (sjølv om eg meinte tjukk i staden for lang … ).
Litt av poenge til Camara Lundestad Joof (og med strikke-gate, ja, eg hugser det Tally. Eg hadde til og med ein lengre messengerchat med ein mann i Aftenpodden etter ein diskusjon i eit kommentarfelt om dette), er at eg trur at det at nokon seier «Eg ser at du er brun/ svart/ tjukk/ trans/ kortvokst/ sitt i rullestol/ what not … men eg bryr meg ikkje om at du er annleis, vil du snakke om det?» forsterkar annleis-kjensla meir enn det åpner opp. Så at slike utsagn skaper større avstand og verkar mot si hensikt. Det blir ei poengtering av det som skil oss frå kvarandre, heller enn eit fokus på det vi har til felles.
Viss eg møter ei venninne og vi har felles interesser innan musikk, strikking og bøker, er det naturleg at vi snakkar om det. Då er det ikkje naturleg at vi snakkar om kropp, kjønn eller hudfarge!
Det er jo ikkje dermed sagt at eg føler at venninna mi ikkje er åpen for å snakke om at eg er tjukk. Men om det skal poengterast når vi møtes, vil det understreke det som gjer oss annleis frå kvarandre. Og dermed skape meir avstand enn kva det åpnar opp. Eg tenker at det å snakke med ein transperson om akkurat det same som ein snakka om før vedkommande kom ut som trans, skifta kjønn eller liknande er noko av det beste, åpnaste og mest aksepterande eg kan gjere. Ved å ikkje peike på det som er annleis, ikkje gjere det til eit tema, lar eg det vere opp til den personen om hen vil snakke om det eller ikkje.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|