Sv: Sier du kabaret eller aspik?
Ei dame i grenda der eg vaks opp (ho likte garantert kabaret) sleit litt med ord. Bror hennar var litt drikkfeldig, noko som ikkje var så rart når han hadde budd lenge i Amerika der han gjekk frå pupp til pupp, i følge ho.
Ho var no ei artig type, og så var ho sprek. Aller best likte ho å gå tur i Riksheimdalen, for den var det så okkupert terreng.
Jaja. Dette vart no heilt avsporing, men sidan ho sikkert likte kabaret så får det passere.
__________________
Dårlige vitser har også livets rett.
|