Sv: Henrik Ingebrigtsens tirade mot forbundet
Mor og far har åpna heien sin og pressa mindreårige til å vekse opp med kamerateam i huset … viss ikkje det er å leve godt på å selge oppveksten til barna veit ikkje eg. Legg til reklamen frisørsalongen hennar har fått og millioninntektene foreldra har hatt på faren si trenarkarriere … Og NÅ er plutselig Tone talsperson for privatlivets fred? Nei, det blir dobbeltmoral. Dersom det hadde vore jenta i familien som hadde stilt eit slikt krav, ville det vore rimelig. Men Tone har levd av å oppsøke media det siste tiåret.
Eg tenker òg at det er viktig at denne saken får den offentlege drøftinga, fordi det viser så tydeleg kva vold er og kva foreldre har lov til å gjere mot barna sine. Mykje av det som kjem fram - som regler for når barn skal komme heim eller kva foreldre kan kontrollere er jo enkeltvis ikkje urimeleg. Men summen og systematikken i det, gjer det til ei alvorleg sak. Det er utruleg vanskeleg for barn og ungdom og folk som jobber med barn og ungdom å sondere i dette. Og nettopp derfor er ei offentleg drøfting viktig. Å ha regler for når ein må komme heim, er jo ikkje psykisk vold. Men å aldri gi ungdommen lov til å ha eit privat sosialt liv er det. Og grensa kan vere vanskeleg å sjå.
Det er barna - den svake parten - som har bedt om åpne dører. Og det tenker eg er både beundringsverdig og imponerende. Dei tar ein for laget ved å stå i denne tilleggsbelastninga og ved å gi folk materiale til å diskutere kva vold i nære relasjoner faktisk er og korleis det kan arte seg.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|