Sv: Oppkast
Smittevernlegen her i bygda er krystallklar på dette: barnet skal tidlegast i barnehagen to døgn etter siste oppkast. Tidlegare vart det praktisert eitt døgn, men dei ser no at det smittar lengre enn det dei hadde trudd. Dessutan er det nokon barn som er oppkastfrie ein dag for så å kaste opp neste i eitt og same sjukdomsforløp.
No har eg sterkare meiningar enn dei fleste på dette området, for eg får ganske kjipe, smertefulle komplikasjonar av oppkast og er derfor veldig redd for dette. Eg forventar også at min omgangskrets informerer meg om evnt. omgangssjuke før dei kjem på besøk eller før me besøker dei. Da kan me heller avgjere sjølve om me vil utsette oss for smitterisiko
Det er forrøvrig anleis med forkjølelse og sånt. Det smittar visst nok før og heilt i starten av sjukdomsforløpet. Det gjer at det er langt verre å begrense omfanget av det. Dessutan er forkjølelse ikkje så kjipt som omgangssjuke, men det er jo mi meining da (til tross for at me har gått forkjøla meir eller mindre samanhengande sidan slutten av juli...).
Vil forøvrig ønske dikka god betring!
__________________
Bergensis
Sist redigert av Bergensis : 15-10-07 kl 13:26.
Årsak: ...forkjølelses-tillegg...
|