Sv: Til lands og til vanns...
Opprinnelig lagt inn av Elinblu, her.
En kollega av meg mener imidlertid å ha hørt at til lands etc. ikke er genitiv, men en annen kasus. Nå har jeg ikke googlet så veldig grundig, men umiddelbart kunne jeg ikke finne noe belegg for dette på nett. Noen som vet?
Til lands er ein rest etter norrøn genitiv og kan ikkje vere noko anna. (Det er sjølvsagt ikkje lenger genitiv i moderne norsk, men ein stivna konstruksjon.) Den einaste kasusen som finst i bruk og halvvegs i live ( ) i nokre norske dialektar no er dativ. Viss det er snakk om former som avvik frå grunnforma vil dei kanskje verte kalla dativ uansett kva som "styrer" dei, sidan dativen òg i dei dialektane han finst ikkje akkurat kan kallast produktiv. Men eg veit ikkje dette sikkert, altså, eg berre spekulerer.
Einaste dialekten eg kjenner til der det er kasusrestar er Straumgjerde-dialekten til grandtanta mi, som eg er nokså sikker på seier til bilen men i bila, til Stranda, men i Strondinne ( ) Altså, vanleg grunnform etter til men "dativ" etter i.
|