Sv: Hva bruker dere oppi smoothie?
Vi gjer det enkelt; banan og yoghurt i ein eller annan variant + rause nevar med frosne bær eller frukt, alt etter kva vi har tilgjengeleg. Egg utgår pga allergi, men eg kan tenkje meg at det kan fungere for dei som toler det. Ein skvett Udo's choice (som vi brukar istadenfor tran) slenger eg opp i når eg hugsar det. Det smakar ikkje sååå godt naturell, så fint om ein kan blande det i.
Det er i grunnen berre å ta det ein har, likar og toler, og prøve seg fram. Det blir stort sett bra uansett.
|