Sv: Plikt til å leve?
Eg synest det er eit vanskeleg men viktig tema du tek opp her, Albertine. Kvar skal grensene gå? Kven skal bestemme? Kven skal ev. utføre "drapshandlingane"? På den eine sida meiner eg at ein ikkje har plikt til å leve, men på den andre sida meiner eg det er dårleg gjort å ta sitt eige liv. Men så har ein ytterpunktet. Dei situasjonane der ein har kort tid igjen å leve, kroppen sviktar og smertene er uuthaldelege. Kanskje er det då ein bør vurdere å gjere det lovleg å setje att ei stor dose tablettar på nattbordet til den som er sjuk. Men på den andre side: dersom dette vert normalen så vil kanskje alvorleg sjuke menneske kjenne seg forplikta til å ta livet sitt for ikkje å vere til bry for andre.
Nei, eg er fryktleg ambivalent til akkurat dette kjenner eg. :like klok:
|