Sv: Vil nekte skilte foreldre å flytte (VG)
Opprinnelig lagt inn av Esme, her.
Jo, men det er jo ikke nødvendigvis et argument for denne loven, det er jo likegodt et argument for å fjerne regelen om at man ikke kan flytte utenlands.
Sjølvsagt kan ein bruke dei fleste argument akkurat som ein vil , men poenget vert likefullt ståande. Eg synest ikkje det er rett at personen som har hovudomsorga automatisk har rett til å flytte dit han/ho vil utan å måtte ta omsyn til verken barn eller samværsforeldre. Som regel etter eit samlivsbrudd har ein to oppegåande foreldre som begge bør og skal vere ein stor del av borna sitt liv, uavhengig av kven som på papiret har hovudomsorga. Det bør vere regelen heller enn unntaket at foreldre skal samarbeide for å få det til å fungere.
|