Sv: Usett bilsete per post?
Endte opp med Duologic etter å ha fått det demonstrert av kompetente tilsette på Gyngehesten i Førde Fornøyd så langt.
Opprinnelig lagt inn av Gerbera, her.
En liten digresjon til deg Bergensis, er du fornøyd med den nye vogna di??
Ja, den blir eg berre meir og meir begeistra for
Det er altså ein Baby Jogger City Elite
Kalesjen:
Den har ei genial kalesje som kan stillast i alle mulige posisjonar og som fungerer kjempefint for å skjerme mot sol.
Den har to titteluker alt etter kva posisjon kalesjen har.
Det er lufting på sidene av kalesjen.
Sittestilling:
Enkelt å regulere vinkelen, god liggestilling. Kunne godt tenkt meg litt meir oppreist sittestilling, men Lillebror trives uansett best med å henge over bumperbaren.
Hjul:
Lufthjul som har god demping.
Svært enkelt å låse framhjulet.
Enkelt å ta av og på hjula.
Utruleg lett å manøvrere. Eg snudde den rundt og rundt sin eigen akse inni ein liten heis.
Håndtak:
Enkelt å regulere. Av ein type gummi som er ok å holde i og som ikkje ryker. Det er ein BOB-liknande sak på håndtaket med med tre små lommer på kvar side av håndtaket. Kvar lomme er stor nok til å romme ei brusflaske. Genial til å ha nøklar, mobil, smokk, vatnflaske mm. i.
Øvrig:
Enkelte av trehjulingane eg har sett, feks. EasyWalker, har vore litt opne i mellom rygg og kalesje, særleg i liggestilling. I dette området har BJCE eit nett og ein mulighet for å dra over eit regn- og vindtett trekk for å gjere det lunare i vind og vær.
Det er mange fine lommer bak på ryggen. Handlekorga rommar overraskande mykje og er mykje enklare å kome til enn eg hadde trudd.
Den er absolut genial å legge saman/slå opp og den tar liten plass.
Det er mulighet for å ha fotstøtte til mindre barn, men den funksjonen har me ikkje benytta.
Eg skulle altså ønske at det var mulig å få rettare vinkel/sittestilling på ryggen. Ein må også vere obs på at når ryggen er i liggestilling, er den mindre stabil enn ei firehjulsvogn. Eg ville ikkje vore komfortabel med å ha den som sovevogn i barnehagen der andre barn fort kan finne på å klatre på vogna med Lillebror ombord. Men ettersom eg har forstått gjelder dette også andre trehjulingar. Utan barn ombord kan det virke som om den kan tippe lett bakover, men tyngdepunktet endrar seg når barnet sitter i.
Eg skjønar ikkje korleis Barnas Hus kan reklamere for denne som "ei enkel sportsvogn" (eller noko i den duren). Den har så mange kjekke finessar som ikkje er å finne på dyrare vogner. Eg var forbredt på å betale 4500 for denne vogna via importør her i Norge, men ho fekk ved ein feil kun levert dei eldre modellane. Så bestilte eg gjennom forhandlar i USA og med frakt og toll, ville det komme på omlag 4000.- Heldigvis vart det kluss med PayPal-kontoen min, og innan eg fekk ordna dette annonserte BH vogna til ein uslåeleg pris. Eg forstår heller ikkje korleis BH har fått pressa prisen så langt ned, for den kostar 400USD og det tilsvarar jo rundt 2000NOK. Så å få den for 2000.- på Barnas Hus var nesten for godt til å vere sant
__________________
Bergensis
Sist redigert av Bergensis : 02-05-08 kl 23:12.
Årsak: Kanskje greit å nevne kva vogn eg tyter om...
|