I dag var det 13 grader
...bris, varierande skydekke og periodar med sol.
Dette er ikkje ein værrapport, altså, men da eg kom i barnehagen i dag fekk eg hakeslepp. På huska sat Lillebror i vinterdressen sin. Under Reimaen hadde han:
- ullbody
- bomullsgensar
- tjukk ullgensar
- strømpebukse
- bukse
Og på toppen av hovudet hadde han ei tjukk og god lue.
Rett nok har me levert bort vintertøy ettersom det for eit par dagar sidan var 0 grader om morgonen. I dag var det 10 da eg sto opp klokka 0600.
Men dei har også eit greit sortement av tynnare klær, vårdressar o.l.
Det var eit litt spesielt syn å sjå han saman med dei andre barna som gjekk i bukse og ytterjakker.
Det skal seiast at han ikkje klaga, og han sveitta heller ikkje nemneverdig. Men kva skal han ha på i vinter dersom dette er habitten i 13 grader og halvfint vær?
Fine barnehagen vår, me er glad i den og dei tilsette, men av og til blir eg litt, eh, matt.
__________________
Bergensis
|