Sv: Leo tar valget: Om å stemme dumt
Diskusjonen minner meg på ein artikkel eg las av Agnes Ravatn i Dag og Tid, som heitte "Den hjartelause høgresida". Ser ikkje ut til at den er på nett. Men den skildra sjokket ho fekk da ho opplevde at høgrefolka, som ho i heile oppveksten fekk høyre var slemme kapitalistar, faktisk var hyggelege og likandes
Eg hadde også ein slik oppvekst (og far min er framleis ytterst fordomsfull mot høgrefolk) No kjenner eg opptil fleire av den blå sorten, har sågar fått dei inn i familien (!!!), og opplever dei som like barmhjertige og gode som SV-folka eg kjenner. Eg meiner bestemt at dei politiske preferansane bygger på trua på det beste samfunnet for alle. Så eg har rydda bort fordommane mine mot høgrefolka, sjølv om det aldri vil bli mitt parti.
Og så er eg litt lei av påstandane om at velferdssamfunnet vil bli rasert og "ødelagt" om høgresida får makt. Ein kan takke arbeidarørsla og forkjemparane for velferdssamfunnet for at vi har eit så trygt og godt samfunn som vi har i dag. Men det er ikkje slik at AP /SV har monopol på dette lenger, og er heller ikkje dei einaste garantistane for at alt det gode vi har i dag skal bestå. Velferdssamfunnet er blitt ein grunnleggande i norske samfunn som ingen seriøse parti vil sette strek over. Dog er eg enig i at ein del parti vil justere og definere ein del ting - og der er det grunnlag for diskusjonar. Men det betyr ikkje at velferdssamfunnet blir "rasert".
Likeins reagerer eg negativt når mitt eige parti, V, slår seg på brystet over alle bragder dei har gjort i si forhistorie. Jo, det er absolutt noko å vere stolt over, og fortel om eit parti som har visjonar og som tenker nytt og modig. Men det er litt på sidelinja i dagens debatt. At eit parti sloss for kvinners rettigheter lenge før alle andre betyr ikje at dei i dag og til evig tid kan påberope seg å føre ein meir "ektefølt" kvinnekamp enn andre parti. "Vi var først" liksom 
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|