Tussa sin hustråd!
Eg er jo altfor tidlig ute, men kjøpet er i boks og eg får flytte inn i barndomsheimen min om et års tid. Eg vil gjerne ha en plan allerede no på korleis eg vil ha det, for da har pappa lyst å forberede litt før dei flyttar. 
Tankar er tenkt, og eg må ha en plass og tenke, samle informasjon og få inspirasjon!
Fakta: 70tallshus påbygd i 1986, med karnapp. 3 soverom, knøttlite bad, laaaang gang, eikekjøkken, 80 kvadrat med stue (like stort som HEILE leiligheten min i dag!), stor hage men lite beplanta, garasje, vaskerom og ikkje minst sokkelleilighet som skal finansiere heile stasen! 
Ok, here goes:
Bad: Knøttlite på 3,6 kvadrat. Badekar, burgunderfarga vask og bidét, oransjebrune veggar. Eg ønsker pusse opp dette. Flis på golv, plater på golv, ut med badekar, inn med kabinett, inn med ny innredning. Eg syns dette høyres billig ut, men det er kanskje ikkje det? 
Soverom: Alle tre soveromma treng ei oppussing. Golv må leggast, veggar tapetserast/malast. Lister/karmar må også malast. Eg har lyst på vegg til vegg-teppe på mitt soverom, er det krise? Ellers blir det type jenterom, gutterom og eit lunt/romantisk soverom for Tussa og kjæreste på besøk. Lillesøster skal få seg Hemnes-seng. Ellers har vi det vi treng her.
Kjøkken: Veggar og lister må malast. Flisene er ikkje pene, men levelige. Kjøkken skal eg ikkje bruke pengar på.
Stue: Vegg, lister og karmar skal malast. Den skal bli lys, men ikkje kvit. Her treng eg mykje. Sofa type stor med plass til alle som vil sjå tv, kjøkkenbord som eg håper finne eit i furu som eg kan male, spisestuestolar som kan gå til eikebordet eg har i dag, Hemnes skap og bokhyller, to stk sofabord, lamper osv. I tillegg ser eg på en sjeselong frå Brødrerna Andresson.
Gang/vindfang: Maling og beising av panel.
Sokkelleilighet: Her er eg usikker. Den er i ok stand, men er ikkje så PEN liksom. Leiemarkedet her er veldig trangt og det er rift om leilighetene. Mulig eg dermed kan overlate maling til dei som eventuelt skal bo der?
Dette er voldsomt. Men eg gler meg! 
__________________
Gut 02 Jente 05
|