Når det nærmar seg skulefri her, så er det nedtrapping, førebuing og kos i fleire veker før. Personleg synes eg det blir i meste laget, for det er kos og førebuing i vekene før jul, i vekene før påske og i vekene før sommarferie.
Det er juleverkstad og julelønsj, julesangdag, øving til jule/sommaravslutning, speledag, påskelønsj, kyrkjebesøk, fleire dagar med fri leik eller såkalla aktivitetsdagar. Det blir ganske enkelt lite skule og lite lekser i vekene før feriar. No før sommarferien har det knapt vore ein heil dag med skikkelig undervisning dei siste to vekene.
Eg reknar med at skulen har eit pensum dei skal gjennom ila. året og at alle desse aktivitetane er eit resultat av at pensumet er fullført.
Nedtrapping og trivselstiltak og kos er vel og bra, men kan det bli for mykje?
Link:
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/n...dane/1.7674735
__________________
Bergensis
Sist redigert av Ru : 16-06-11 kl 09:25.
Årsak: Link i første innlegg
|