Kva har ein på veggane nu til dags?
Me skal kle veggane i to soverom og eitt roteromleikerom. Kva alternativ har me?
- juksepanel er jo enkelt, men eg er så grundig lei av det.
- vanleg panel er uaktuelt av same årsak som over.
- tapet kan vere lekkert, men ingen av oss kan legge tapet.
- strie blir langt på veg same greia som med tapet, ingen av oss kan legge det.
Er det mogleg å ha veggplater, sparkle dei og male over? Er det sånt som er greit i ein heim som aldri får plass i korkje interiørbloggar (*) eller
interiørblad?
* kanskje me ville fått spalteplass her hjå KåfjordOlga; http://kafjordolga.blogspot.com/
__________________
Bergensis
|