Kasting av mat
Eg legger den her, så får nokon flytte den dersom det ikkje blei rett.
Det er ofte snakk om at det blir kasta alt for mykje mat. Både privat, hjå butikkar og restaurantar. Enkelt lever av det dei finner i bosset og utsetter seg sjølv for ein viss risiko.
Men kvifor er det blitt slik og kor ille er det eigentlig ?
Ein del av årsaka til at butikkar må kasta så mykje mat er på grunn av reglar. Reglar som er laga for å beskytte oss, men som til tider virkar bak mål.
Eit eksempel som mannen min opplevde i går. Dei fekk beskjed frå leverandør, før helga, om å trekke tilbake eit parti med kjøtt. I går fekk dei beskjed om å kaste det. Årsaka ? Kjøttet var feil merka. I staden for at det sto på lappen av kjøttet skulle oppbevarast på mellom 0-4 grader, så sto det 0-2 grader.
Med andre ord var det ikkje noko feil med det. Det var ikkje dårlig og det var heller ikkje farlig for folk å ete det. Men i bosset skulle det.
20 kg rett i bosset. Fin indrefilet.
Og dette var berre denne eine butikken.
Dette var eit eksempel. På at matvarer som ein finner i bosset kan vera fin.
Men så er det den andre sida. Der matvarer som har god dato, som ser og luktar godt ikkje er bra for deg i det heile tatt.
Der ting har gått feil i produksjon eller i pakning.
Eksempelvis der fremedlegmer havnar i pakningar. Der maten er handtert feil før og under pakning. Desse tinga vil ein ikkje merke på matvarene.
Eksempel. Fleire parti med matvarer blei trekt tilbake fordi det var funne skadedyr på eit større matlager. Enkelte forpakningar bar spor etter skadedyr.
Dette er ting som ein ikkje ser. For mannen i gata vil det sjå ut som om fullt ut brukbare matvarer er kasta. Dei er faktisk ikkje det.
Eg skjønar at det for mange virkar idiotisk at så masse mat blir kasta, men som oftast er det ein grunn for det.
Ja, det burde ha vert eit betre system der matvarer som nærmar seg dato kunne blitt solgt ut til ein rimligare pris. Enkelte klarar dette, dei har fått eit system opp å gå, men endå er det eit stykke igjen.
Ein del av problemet er faktisk at folk ikkje vil kjøpa mat som nærmar seg dato. Det er prøvd ut.
Me et ein god del mat som er utgått på dato. Me ser ikkje problemet med det, så lenge me har kontrollen på det. Kjøttpålegg som nærmar seg dato eller er gått over blir allikevel eten her i huset. Kylling derimot, der er me meir skeptisk. Foretrekker frossen kyllingfilet i forhold til vakumpakka "fersk".
Kvar eg vil med dette ? Eg veit ikkje heilt. Kanskje berre eit lite frustrasjons sukk over alle meiningar som er der ute.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|