Kvinner 2013: Dagane flyg
Nokon som såg denne dokumentaren på nrk ?
Link: http://tv.nrk.no/program/mdfp1300231...13-dagane-flyg
Eg såg den på nett-TV i går og kjenner at heile greia provoserte meg litt.
Budskapet var at kvinner i 2013 sliter seg ut og får altfor lite tid med barna. Det blei ymta frampå om at 100% jobb kanskje ikkje var vegen å gå for alle, og at det ikkje var bra for barna at begge foreldra jobbar så mykje. Men etter å ha sett dokumentaren sitt eg igjen med inntrykket av at det ikkje var 100% jobb som var problemet til desse kvinnene. Problemet var heller at dei tok på seg altfor mykje av ansvaret heime. Dei må sette meir krav til både mann og barn! Barn over 4-5 år kan rydde rommet sitt sjølv og hjelpe til med andre ting heime også. Og kvifor er det sånn at det er vi kvinnene som tar hovudansvaret for å koordinere alt og sørge for at alt er på stell?
Utifrå det eg såg i denne dokumentaren var mennene totalt fråverande. Dama med kreft var skilt, men vi høyrte ingenting om kor mykje pappaen hadde ungane?
Og kvinna med tre barn stressa rundt heile kvelden og rydda og styrte før ho fant fram jobb-pc'en klokka 22.30. Kor var mannen?
Det er mulig dette var gjort med vilje sidan dokumentaren skulle handle om kvinner, men det førte i alle fall til at eg sitt igjen med inntrykket om at jobben ikkje nødvendigvis er problemet.
Eg er ikkje forkjemper for at alle kvinner og menn skal jobbe 100%. Faktisk drømmer eg om at både eg og mannen kan jobbe 80% ein periode og nyte livet litt. Men eg veit at det ikkje kjem til å skje sidan den jobben eg har er slik at eg då ville ha jobba 100% for 80% lønn. Dette blei også sagt av ei av dei anonyme kvinnene i filmen.
Men eg syns ikkje det er riktig at vi kvinner skal slite med dårlig samvittighet og føle at vi burde gå ned i stilling når grunnen til tidsklemma rett og slett er at vi fungerer som slave og tjener på heimebane. Første bud må vere at vi må få ein slutt på det!
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|