Din bruk av smart-telefon
Litt i lys av denne tråden: Eg er blitt heilt avhengig av min telefon (Iphone4). Det hender at eg har gløymt den heime når eg drar på jobb. Da har eg mest lyst til å snu, men gjer det sjeldan, og må da lide meg gjennom dagen utan telefonen. Dersom ein ser bort frå det opnebare, dvs. samtalar, sms, musikk, alarm, kalender, fotografering, kontaktliste, epost og tilgang til sosiale medier (Facebook, twitter, instagram, pinterest etc), kva gjer telefonen for deg ut over det som er nevnt over? For meg gjeld: - Har plan for middag for heile veka, med handleliste og alle mine eigne oppskrifter. Eg er verkeleg i villreie utan.
- Held oversikt over trafikken (og korkar) og sender min posisjon (gps) til mannen, slik at han kan helde auge med kor eg er på vegen når eg kjører heimover... jepp... skikkelig overvåka. Skal eg plukke han opp kan han gå ut når han ser eg er rundt hjørnet, og eg treng ikkje fikle med telefon for å gi beskjed.
- Nettbank kor enn eg er
- Skrur på forvarming av bilen, slik at den er varm når eg skal dra (elbil)
- Motivasjon for trening (app)
- Lagar pdf av bilder. Blir brukt til å pdf'e jobbkvitteringar.
- Held orden på diverse fagrelaterte pdf'ar som eg slår opp i av og til; er så deilig å ha dei på baklomma, ikkje i ei bokhylle heime.
- Fortel meg kva matvarer som har gluten (les strek-koden)
- Fortel meg ein del om karbohydrat i matvarer (jenta mi har diabetes)
- Held orden på mine jobbreiser, bestillingar etc
- Held oversikt over menstruasjonssyklusen og gir varsko i forkant
- Prøver å halde orden på vekta mi

- Er ein plass eg kan organisere idear og tankar (app for tankekart)
- Er ein mini-TV + radio (NRK og TV2)
- Er eit leksikon med, i høgste grad, usikker kvalitet (google)
Alt dette gjer at telefonen er ein dingsboms som gjer dagen meir effektiv, og gir meg meir fritid enn elles og sunnare helse. Aberet er at eg er heilt fortapt utan. Ein blir rett og slett sårbar av å ha alt samla på ein dings.
Enn du?
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|