Gladnyheit frå Digitalbok
Fekk ein e-post her om dagen med ei gladmelding frå digitalbok. Dei har no fått ein ny funksjon som gjer at ein kan sende bøkene direkte til sin kindle. Ein må registrere kindle e-post adressa si hjå digitalbok og motsett og så er alt klart. Det er ikkje alle bøker det går med enno, men det står greit merka på den enkelte bok om ein kan sende den til kindle eller ikkje.
Testa det i går kveld og det går heilt greit. Tar litt lengre tid enn når ein bestiller bok hjå amazon, men det får ein heller tåle.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|