Biff til jul
Denne jula er vi berre oss fire, og tar det ganske så avslappa i forhold til tradisjonar. Pinnekjøtt skal vi ha hos mine foreldre på nyttårsafta, og mannen ber pent om å ikkje ha hans tradisjonelle julemat på julafta(ikkje norsk). Vi skal ha heimelaga sushi 1. Juledag, og ungane jublar.
Vi har tenkt å bruke det vi har frå før. Det ligg ein frossen indrefilet av okse i frysen. Nokon som har idear til ein god rett som er ei julafta verdig? Litt meir enn berre biff bernaise?
Ungane har ingen ønsker, mannen er lite interessert, men alle likar god mat.
__________________
Jente 2003 og gut 2005
|