Fine flammeløse telys
Eg er på jakt etter flammelause lys. Eg har allereie kjøpt desse, som er veldig fine og ser ganske bra ut i bruk.

Det stod imidlertid "Telys-variant" i nettbutikken der eg bestilde dei og det stemmer ikkje. Det er små kubbelys og dei passer ikkje i nokre av telysestakane mine, og eg vil ha telys som passer inn i åpninga til dei små Kähler-husa. Men eg liker dei variantane som har voksbelegg, slik at dei ser ut som vanlege lys og som ikkje har ei lyspære med liksomflamme på toppen. Dei må heller ikkje vere for flakkande.
Denne varianten utgår altså med høge kneløft:

Så, FP, kor finn ein telys som fyller mine krav?
(Årsaken til at vi skal ha led-telys er at Ungen åpenbart reagerer astmatisk med å bli verre av at vi brenn vanlege lys. Eg veit at det er diskusjonar rundt miljøaspektet og produksjon av led-telys, men eg vil ha lys i lysestakane mine utover vinteren).
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|