Treng lesetips
Eg treng boktips. Hjernen min fungerer ikkje optimalt for tida og eg strever litt med konsentrasjon. Normalt les eg greit engelsk, svensk og dansk, men når for tida får eg bare til å lese på norsk.
Boka eg skal lese bør vere relativt lett og samtidig fengande. Stort persongalleri og mange parallelle historiar funker ikkje. Likevel, eg får spader av ein del bøker som marknadsførest som feelgood-romaner og har vel endå til gode å lese ei bok med blomster på omslaget som eg faktisk liker. Eg er relativt kresen, særlig på språk og oversettelse og slikt. Det treng ikkje vere høgttravande og poetisk og språkleg eksperimentelt (det orker eg ikkje nå), men det må vere sånn at ein ikkje kan skimte originalspråket gjennom (eg prøvde meg akkurat på Egenstridig forføyning og den kunne dei like gjerne latt vere å oversette, det er jo svorsk. ). Og så bør det ikkje vere så veldig dystert eller tragisk.
Så ... finst det eigentleg nokre bøker som møter min spec? Ekstra fint om den finst som ebok.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|