Tips til hotell på Manhattan, NY
Eg planlegger å ta med 13-åringen til New York i haustferien som ein bursdagspresang. Ho har snakka om New York i fleire år no og eg har lyst også, så då tenker eg at eg kan forsvare det økonomisk. Det vil koste omtrent ti gangar meir enn vi pleier å gi i bursdagspresang, men sidan dette er noko eg har lyst til også ser eg på det som ein forsinka 40-års presang til meg sjølv.
Men eg treng tips til ein plass å bu som er ok og ikkje kostar vanvittig mykje! Eg ser for meg 1500-2200 kr per natt. Billigare enn 1500 er det nok ikkje mulig å få.
Nokon som har vore i New York dei siste fem åra og kan gi meg eit bra tips?
Gjerne ein plass med gangavstand til ok plassar å ete frokost dersom det ikkje er bra frokost på hotellet.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|