Bakgater og bortgøymde plassar i Stockholm
Eg og tiåringen skal vere nokre dagar i Stockholm i påska. Skansen og Vasamuseet, Drottninggatan og Ganla Stan veit vi jo om. Men bakgatene og dei plassane vi ikkje finn i turistbrosjyrene - fortel meg om dei!
Ungen er litt preteen og litt barn - leikeplasser kan vere spennande eller superdølt, avhengig av form og føre. Han er interessert i gaming og fascinert over teknikk. Dragonball er den nyaste dilla og blir for tida slukt, så eg håper kafé med kvar vår bok vil slå an. Plakatmuseer er kjedelig, opplevingsmuseum er stas. Shoppingbudsjettet er begrensa til ting vi likevel treng, som joggesko og ny regnbukse, kanskje ei bok eller litt småtteri.
Vi bur i Bromma og kjem til å kjøpe sjudagerskort hos SL. Det er meldt ein del regn dei første dagane, men vi planlegg Skansen i finver ein dag.
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|