Reise på ferie i jul- og nyttårsperioden?
Er det nokon som har erfaring med å reise bort, feks. til varmare himmelstrøk?
Jule- og nyttårshøgtider har aldri vore stor stas for min del. Samansatte årsaker til dette, men eg går kvart år inn i november og desember med uro og tunge tankar. Dei siste åra har det blitt enda meir komplisert og vanskeleg utan at eg orkar gå nærmare inn på dette.
No sitter eg og grublar på om det kunne vore lurare å reist bort i jule- og nyttårshøgtida. At me som famile (oss fire) hadde hatt ei rolegare og meir harmonisk markering dersom me hadde reist bort.
Hensynet til barna er vel det som hindrar oss. Dei bør få muligheten til å oppleve normale julefeiringar.
Men kva er normale julefeiringar da? Og er det normale juleferingar når 25% av familien ønsker seg langt, langt bort?
For ordens skuld: har ingen konkrete planar om å reise bort, men lysten er der i år som i fjor og åra før der.
__________________
Bergensis
|