Hjeeelp. TV-laus og turn-interessert!
Eit slemt lynnedslag tok TV'en vår førre veka og Get nektar å kome å fikse det. Eg skulle så gjerne ha teke opp OL-sendigane i kvinneturn på video, men det lèt seg ikkje gjere hos oss for tida. Og foreldra mine, som av og til tek opp for oss, er på ferie 
Finst det ei venleg sjel der ute som skjønar seg på slike sære interesser og som kunne tenkje seg å ta opp turn-OL på video for meg?
Det gjeld:
Lagfinalen som etter planen skal sendast i natt frå kl 04.45 på NRK2 (nettkanal 2, men der kan ein vel ikkje ta opp... )
vidare er det:
Fredag 15.8. Individuell mangekamp - NRK1 kl 05.50
Søndag 17.8. Frittståande, hopp - NRK2 kl 12.00
Måndag 18.8. Skranke - NRK2 kl 12.00
Tysdag 19.8. Bom - NRK2 kl 12.00
(alt etter planen)
Eg betaler sjølvsagt for videokassettar, og evt. for bryet om det er ønske om det. Nokon som vil hjelpe ein stakkar, tru?
|