Ekstern harddisk
Me har ein som er satt opp i nettverket vårt, fungerer heilt greit til sitt bruk, men eg er på jakt etter ein til. Vil ha ein som eg har bilder og bildeting på. Vil helst ikkje ha noko av det på denne maskina. Det tar ein del plass etterkvart.
I utgangspunktet så er det ikkje noko problem å finne seg ein ny. Det florerer av harddisker og tester. Men så lurer eg på ein liten ting. Finnest det ein ekster harddisk som eg lett kan ta med meg rundt omkring og som eg kan putte minnekortet frå kameraet direkte inn i ? Og som då overfører bilder frå minnebrikke til harddisk uten noko meir om og men.
Me skal nemlig på tur snart. Det kjem til å bli tatt massevis av bilder rekner eg med, men redselen for at noko skal skje på ein ekskursjon er og litt tilstede. Hadde vert så greit dersom det fantes ein liten reiseharddisk som eg kunne fått bileta over på etterkvart.
__________________
Nobody is perfect. My name is Nobody.
|