Gå tilbake   Foreldreportalen > FPForum > Generell diskusjon > Spikerhjørnet

Klima: Vitskap, økonomi og politikk - og etikk?

Spikerhjørnet Speaker's corner. Forum for lengre debattinnlegg og meninger, politikk mm.

Svar
 
Trådverktøy Visningsmåter
Gammel 01-10-09, 13:45   #1
Didjeridust
Forelska
 
Didjeridust sin avatar
 
Medlem siden: Sep 2009
Hvor: Sandnes
Innlegg: 843
Blogginnlegg: 17
Didjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smartDidjeridust imponerer mange og er sikkert smart
Standard

Klima: Vitskap, økonomi og politikk - og etikk?

Vitskap
I ein diskusjon om klima vil ein ofte møta på dei som meiner at forskarane er inkompetente, korrupte eller båe deler. Spørsmålet ein kan stilla til dei er dette: Kor sannsynleg er det at så godt som alle klimaforskarar i heile verda tek feil eller er med i ein verdsfemnande konspirasjon?
Det er heva over ein kvar tvil at mengda med forskningsresultat som syner at menneska sin aktivitet i form av forbruk av fossile brensle er i ferd med å endra jorda sitt klima er overveldande. Skeptikarane og fornektarane har forsvinnande lite å syna til av faktisk og fagfellevurdert forskning til stød for sitt syn.
Talet på forskarar(ikkje særleg mange) som er usamde med IPCC sine konklusjonar vert ofte brukt som argument for at problemet ikkje er så stort som IPCC vil ha det til, men det er verd å merka seg at usemja i overvegande grad går på graden av alvoret i situasjonen og at nær halvparten av desse meiner IPCC underestimerer, altså at problemet er større enn kva deira klimarapportar konkluderer med. Dette kan ein og ha i minnet når ein ser at den negative utviklinga i klimatilhøva ser ut til å skje raskare enn projeksjonane skulle tilsei.

Økonomi
Det vil verta dyrt å endra våre handlemåter slik at me kan unngå eller avgreinsa klimaendringane som kjem, det er det ingen tvil om, men mange økonomiekspertar konkluderer med at desse kostnadane vert mindre enn dei som vil koma om me held fram som før. Det vil og ligga ein tilleggsgevinst i form av at me vil gjera oss mindre avhengige av fossile brensle, som det faktisk er avgreinsa tilgjengeleg mengd av, og industri som som produserer teknologien som trengst for å bruka alternative, fornybare energikjelder vil få ein kraftig oppsving.
Det er og klårt at for kvar månad som går utan at noko vert gjort vil åtgjerdene verta dyrare, så me har ingen tid å mista.
Diverre er det slik at motstanden mot å foreta endringar er særs stor i pengesterke og dermed mektige deler av næringslivet, som heller vil prioritera sin eigen kortsiktige gevinst framfor betra tilhøve for alle menneske i framtida.

Politikk
Politikk og økonomi heng sjølvsagt nært saman. Og det er ganske lett å sjå samanhengar mellom politisk syn og innstillinga til klimaproblematikken. Dei politiske kreftene som er sterke tilhengarar av eit fritt og utøyla næringsliv, t.d. FrP her i landet og Republikanarane i USA og kanskje i størst grad blant deira tilhengarar, er dei som oftast gjer uttrykk for skepsis til rådande vitskapleg konsensus og er motstandarar av at kraftige åtgjerder for å avgreinsa CO2-utslepp skal igangsetjast så snart som råd.
Det er og mange av skeptikarane og fornektarane som retter ein anklagande peikefinger mot at klimavitskapen er vorten politisert, både i seg sjølve og gjennom IPCC. No er det ein gong slik at vitskapsfolk ikkje kan bestemma kva som skal skje, dei kan berre koma med tilrådingar til styresmaktene, og IPCC er i seg sjølve ikkje ein forskningsinstitusjon men har samla og samlar alt tilgjengeleg forskningsmateriale om jorda sitt klima og kjem med sine konklusjonar etter ein grundig gjennomgang av desse og fyrst etter at absolutt alle i panelet er samde om formuleringane.

Etikk
Til sjuande og sist meiner eg at spørsmålet om me skal gjera ein innsats for å avgreinsa menneskeskapte klimaendringar er eit spørsmål om etikk. Det er ikkje for oss sjølve me bør ynskja å gjera dette, det er for våre etterkomarar, våre born og deira born og borneborn og komande slektsledd. Vår generasjon og eit par generasjonar over oss har ført oss inn i denne situasjonen. Vår generasjon har høvet til å byrja arbeidet med å avgreinsa skadeverknadane. Det burde vore igangsett tidligare, mykje tidligare. Me har visst om dette i fleire tiår no, men trass fine ord frå velmeinande politikarar har ingenting skjedd. Er det for seint? Kanskje. Men me har faktisk plikt til å freista å gjera noko - plikt til å gjera så mykje me kan og snarast råd. Det er vorte sagt "The time to act is yesterday". Me dreit os ut i høve til det. La oss handla i dag og i morgon slik at ikkje ettertida nemnar oss "The Age of Stupid" - Tidsalderen for dei som visste kva som var i ferd med å skje, men lot vera å handla.

Me går spanande tider i møte. Klimatoppmøtet i København i desember vert av mange rekna som siste høvet me har til å kunna finna ei løysing på det som er oss menneske si største utfordring nett no. Kjem det ikkje konkrete, omfattande og verdsfemnande handlingar ut i andre enden av møtet er toget mest sannsynleg gått. Og me i den vestlege verda skal halda oss for gode til å leggja største børa på land som India og Kina. Alle må sjølvsagt ta sin del, men det er Vesten som har bragt oss ut i dette uføret i fyrste omgang og det er Vesten som har økonomi og ressursar til å gå føre. Sjølv små land som Noreg må vera med på dette og kvar enkelt av oss må gjera sitt. Dette handlar om ei felles framtid. Me har berre denne planeten og me er alle saman avhengige av at han ikkje vert endra til ein stad det knapt er leveleg for folk. Ein skal ikkje tenka at kvar enkelt av oss har så veldig liten innverknadat det mest ikkje er nokon vits.
Felleskapstankegangen er viktigare enn nokon gong før. Symbolverdien og medveteauken i det at kvar enkelt av oss dreg vår lille bit av lasset er det som kan redda oss.

Lett optimistisk helsing - Didjeridust

__________________
Rart er fint
Didjeridust er ikke aktiv   Svar med sitat
Svar

Emneord
klima


Innleggsregler
Du kan ikke starte nye tråder
Du kan ikke skrive svar
Du kan ikke laste opp vedlegg
Du kan ikke endre dine innlegg

BB code is
[IMG] kode er
HTML kode er Av
Bytt forum


Alle klokkeslett er GMT +2. Klokken er nå 13:55.


Powered by vBulletin
Copyright ©2000 - 2024, Jelsoft Enterprises Ltd.
Norsk: Lavkarbo.no | Selvrealisering.no
©2006 - 2015, Foreldreportalen.no