Kasta ut av Norge
Fekk heilt vondt i magen då eg las denne historia på aftenposten.no i dag:
http://www.aftenposten.no/nyheter/ir...cle3571183.ece
Ho har blitt utsatt for gruppevoldtekt i 20 dagar i strekk og er øydelagt både fysisk og psykisk. Så blir ho kasta på hue og ræva ut midt i behandlinga og er no heimlaus i Italia.
Ho oppfyller nok ikkje kriterier for å få asyl sidan ho ikkje er forfulgt i heimlandet, men finns det ikkje noko som heiter opphold på humanitært grunnlag? Ekteskapet med somalieren i Norge blei muligens inngått for å få komme til Norge, men so what? Eg syns det er heilt umenneskelig av Norge å ikkje hjelpe denne kvinna og barnet hennas. Advokaten har også tydeligvis gjort ein skikkelig dårlig jobb. For han er vel denne saka berre ei mappe i bunken på pulten 
Denne saka er nok heller ikkje spesielt unik. Høyrte om ei nesten tilsvarande sak om ei kvinne frå Serbia med ein sønn i forrige veke. Den saka har ikkje vore i media.
Vi kan selvfølgelig ikkje ta i mot alle i Norge, men det må vel vere mulig å bruke litt skjønn? Av og til lurer eg veldig på kva slags kriterer som blir brukt når ein skal vurdere kven som skal få bli og kven som må reise.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|