Nokon som kan litt om diverse diettar?
Eg har aldri hatt spesiell interesse for diettkost. Har jo høyrt om Fedon Lindberg, Atkins kuren, Grethe Rhoede, lavkarbo, steinalderdiett, blodtypediett osv osv., men aldri satt meg inn i det.
Nå fekk jenta vår på tre år diabetes og cøliaki i høst / vinter. Kostholdsråda vi har fått ang. diabetesen, som ho fekk først, var å ete godt med fisk, kjøtt, egg, ost og grønsaker, ete grovt brød, naturris og grov pasta, samt ein del frukt. Det første er mat som ikkje gir stiging i blodsukkeret og det siste er mat med godt med fiber som gjer at blodsukkeret held seg jevnt.
Fine greier. Så viser det seg at ho også har cøliaki, ergo intoleranse for gluten. Det gjer at ho ikkje skal ete kveite, havre, bygg og rug. Der finst eige brød å bake basert på mais og potetmel, men dette innheld egentlig for lite fiber i forhold til diabetesen. Ho får rask stiging av det fine glutenfrie brødet (sjølv det som liksom skal vere "grovt"). Vi har fått råd frå sjukehuset om å likevel gi henne glutenfritt brød (som ho ikkje likar egentlig), sidan dette er ein slik viktig del av norsk kosthold. Dei påpeikar at pålegget ein har på brødet er viktig for henne, men saken er at snuppa er VELDIG glad i ete skinkepålegg, ostebitar, tomater, røykt laks, agurk osv osv. Ho får det i seg uansett føler eg; brødet har ho liten interesse for.
Det er litt vanskeligare å få oversikten over kva som er bra å ete når ein både har diabetes og cøliaki. Derfor har eg begynt å søke litt rundt på desse diettane, og fatta interesse for lavkarbo / steinalderdiett. Er vel det denne Lindberg står for? Samt Atkins-kuren? Er ikkje dette heilt på tvers av det myndighetene seier? Steinalderdietten går faktisk ut på å få i seg godt med fett. Ja til majones og meierismør! Og i følge dei som forfektar dette går ein godt ned i vekt også: http://www.woman24.no/vekt_og_kosthold/article32271.ece
Tingen er at alt dette er mat som snuppa vår kan ete med god samvittighet. Det er mat som ikkje gir rask blodsukkerstigning, og det er glutenfritt! Har diskutert med mannen min, og han er veldig gira på å prøve; det er jo ganske lett å ete kjøttkaker i brun saus utan potet. Eg tar gjerne brokkoli, gulrøtter, erter i staden. Jentungen reagerer VELDIG på potet; blodsukkeret rasar oppover (som om det var sjokolade ho åt), får insulin, og går fort tom igjen (får føling). Eg føler eg har lært så mykje etter at snuppa vart sjuk; om mat som gir ekstrem reaksjon i kroppen. Det kan nå ikkje vere sunt for einkvar; diabetiker eller ikkje!
Vi har veldig lyst til å prøve å legge om dietten i familien, slik at vi alle et det same. Det høyres sunt ut syns eg, men tenker at det sikkert er ein hake ved det. Har ikkje tenkt å bli heilt fanastisk altså, men syns godt vi kan droppe pasta, potet og brød i veldig mange tilfelle. Egg og bacon til frokost f.eks, med masse salat! Ja takk! Er det nokon som kan meir om dette? Vil så gjerne ha innspel; har prøvd å søke litt i forumet her, men håpar det er greit å lage ein eigen tråd om vår situasjon.
|