Sv: Nokon som kan litt om diverse diettar?
Når det gjeld å gå ned i vekt; det kan jo vere ein fin bi-effekt for oss voksne, men for hennar del er jo ikkje det eit mål i det heile tatt. Ho er heilt passe nå, har til og med fått ein tutmage, og har lagt på seg veldig og vokse masse i høgden etter at ho begynte å ete glutenfritt. Ho har også, nesten over natta fått masse energi og overskudd! Er så glad at dette vart påvist så tidlig, slik at ho slapp å vere ei trøtt og sliten lita jente så veldig mykje lengre.
Eg tenker som så at når ho er så glad i ost, kjøtt (ho elskar å gumle indrefilet), pølser, creme fraiche og andre feite produkt burde vel dette gi henne nok fett? Det er vel uansett ikkje fett i brød, pasta, ris og potet så dersom ein fjernar dette vil ein vel muligens gå ned i vekt på ein annan måte? Eg veit i grunn ikkje kva det er med brød og stivelsesrike produkt som ein etter sigande legg på seg av.
Håpar Iset kan svare 
|