Sv: Nokon som kan litt om diverse diettar?
Du har gode poeng Glitterchick, og nei, eg kan ikkje spesielt masse om ernæring Har lært ein god del det siste halvåret då, i alle fall om kva matvarer som gir veldig oppsving i blodsukker, og som gjer deg tom, og sulten veldig fort.
Vi har i grunn erfart det ernæringsfysiologen har fortald oss; ho (og alle oss andre også så klart) får veldig oppsving i blodsukkeret av søtsaker, kaker, potetgull, potet, pasta, ris og delvis også brød. Jo grovar ting er jo betre. Derfor er grov pasta, grovt brød og naturris betre enn dei fine variantane. Problemet er at dei finst ikkje som glutenfrie.
Vi har fått beskjed av ernæringsfysiolog å redusere på kabrohydrater i form av potet, pasta og ris, og heller gi karbohydrater til henne i form av grønnsaker (for meg høyres dette ut som steinalderdiett altså). Det fiberfattige glutenfrie brødet skal ho ete fordi ho treng pålegget og fordi brød er så vanlig i norsk kosthold. Praktisk liksom (men nå har jo jenta cøliaki og kan uansett ikkje leve praktisk). Som regel får eg matboksen heim igjen med masse brød og ingenting pålegg. Eg har begynt å legge ved meir pålegg og grønsaker. Det et ho, men ikkje brødet. Sånn sett er ho i full gang med lavkarbo sjølv.
Det kan godt hende at barn treng masse meir kabohydrater enn voksne, men i så tilfelle går det litt på tvers av det eg har fått vite av ernæringsfysiolog på sjukehuset. Ho ber meg jo om å redusere inntaket av karbohydrat.
Eg kan kontakte henne å be om ny time (tar månader ), men ho seier igjen og igjen at ho har ikkje lov å gi andre råd enn det staten har sagt at ho skal gi. Diabetesforbundet tilrår også eit kosthold med basis i brødmat, fordi dette er ei viktig kjelde til fiber i eit norsk kosthold.
|