Sv: Ukeshandling - Har noen en standardplan de følger?
Eg vekeshandler, og har gjort det dei siste åra. No ligg me på rundt 1200 kr i veka på to vaksne og to barn.
Eg skriver meny på søndag/ mandag og handler som regel på tirsdagen. Då har dei fått på plass det meste av varer etter helga, og eg slepp å vasse i tomesker og snirkle rundt folk som stabler for harde livet.
På vekesmenyen har me min. to fiskemiddager, og som regel suppe eller noko lettvint dei dagane ungane skal ut døra før kl. 17. Lørdagen er open, for då er det samboer som lager mat. Eg kjøper mykje i store kvanta, men spring ikkje frå butikk til butikk pga. tilbod. Handler det meste på Kiwi og Coop Prix, då eg likar utvalget deira bedre enn Rema. Dessuten får eg bonus på det eg handler. No skal me antagelegvis kjøpa ny vedomn med Coop- bonusen vår.
Me lager mat frå botn av, og bruker mykje frukt og grønt. Dessuten er eg glad i å baka, så det går mykje egg og mjølk.
No betaler stort sett eg, men me skal ordne med eigen matkonto og kort snart. Då får me endå betre oversikt.
__________________
Everybody is a genius. But if you judge a fish by its ability to climb a tree, it will live its whole life beliving that it is stupid.
|