Sv: Denne bloggen... Hva tenker du?
Opprinnelig lagt inn av Floksa, her.
Den holdningen som florere blandt mange, om at man bare kan ta seg sammen også "pift" er alle problemer borte gir en ganske stor tilleggesbelastning for mange fattige. Å se hvordan man blir "sablet ned" om man prøver å være ærlig om det. For det er jo så jævla enkelt, man bare fikser litt her og ordner litt der og bor i campinghytte og smiler og er glad. Så blir jula flott og man kan dele en klementin. Og kjenne på takknemligheten for at man bor i et flott land, der ingen sulter og sover på gata.
Det er vel ingen som har sagt at det er enkeltpenkelt. Eg har i alle fall vore tydeleg på at eg skjønner at denne personen (og andre fattige) er i ein kjip situasjon.
Samtidig er det ein tendens til at folk som ikkje er i stand til å forsørge seg sjølv, forventer same levestandarden som folk som arbeider og tener penger sjølv. Og det reagerer negativt på. Denne bloggen er full av eksempler på dette: "Stakkars ungene mine som må gi faren sin hjemmelaga farsdagsgave" og "Stakkars ungene mine som får tilbud om å feire jul i ei campinghytte". Det er ikkje fett å leve på sosialstønad og trygd, det trur eg ingen har problem med å forstå. Men det er ein kravmentalitet i det at ein som fattig og hjelpetrengande skal ha ei rekke luksusgoder og derfor ikkje tar imot det tilbodet ein får.
Mykje av problemet i dette tilfellet, er gammal forbruksgjeld. Det kjem fram i eit tidleg blogginnlegg. Statens innkrevingssentral trekk ei viss prosentdel av trygda før ho blir utbetalt. Dette er sjølvforskuldt. Sjukdom er ikkje sjølvforskuld, men det å opparbeide seg denne typen gjeld, er det. Og personleg gjeld er ein av dei tinga NAV ikkje betaler for deg. Og det skulle vel eigentleg bare mangle!
Vi kan heilt klart diskutere relativ fattigdom. Men eg meiner likevel at ein må skilje mellom å ha slik at ein klarer seg og å ha alt det alle andre har. Viss ein ikkje har slik at ein klarer seg, er ei campinghytte og eit heimeteikna kort i farsdagspresang godt nok!
__________________
People who wonder whether the glass is half empty or half full miss the point.
The glass is refillable.
|