Sv: Er lekser overgrep mot barn?
Opprinnelig lagt inn av nokon, her.
Eg har tenkt litt på denne diskusjonen (og fleire andre diskusjonar) og i eit historisk perspektiv, er jo dette med to fulltidsarbeidande foreldre i same familie eit relativt nytt fenomen. Lekseordninga slik ho er i dag, er tilpassa ein kultur kor mødrene ofte var heimeverande eller deltidsarbeidande og kor barn gjerne kom heim og møtte voksne istadenfor å gå på SFO.
Eg synest likevel argumenta for å lære gode arbeidsvaner, lære å strukturere og arbeide på eiga hand og dagleg pugging av puggemateriale er så viktige at dei må ivaretas. Elevane vil tape på å ikkje ha gode arbeidsvanar, når arbeidsmengda blir større. Det vil bli beintøft å skulle lese tre kapittel til historieprøve på ungdomstrinnet, viss dei ikkje har trent på å strukturere arbeid sjølv.
Samtidig er det stor forskjell på å gjere dette mellom 14-16 og mellom 17-19. Akkurat konkrete løysingar på å legge til rette for at det er rom for denne ferdigheitstreninga som leksene inneberer, har eg ikkje. Heildagsskule er eit alternativ, men det er eit enormt sprang frå den bemanninga og rekrutteringa læraryrket har i dag, til det heildagsskulen vil kreve. Men eg ser jo argumenta om at ettermiddagen er kort og at barna kjem mykje seinare heim nå, enn i "gamle dager".

__________________
Enten går det bra, eller så går det over.
|