Sv: Bonde skjøt hund
To av mine mest oppegåande kollegaer (på alle andre felt enn hundehald) meiner at deira hundar er så snille at dei er unnateke bandtvang. Det handlar ikkje om at dei ikkje kjenner lovverket. Dei er berre ikkje samde i at reglane skal gjelde dei.
Utan at eg anar kven denne bonden er, så må eg jo sei at eg på eit generelt plan har stor forståing for at bønder ser seg leie på lause hundar på beita sine. Og det kan jammen ikkje vere enkelt å vurdere kva tid ein må gå til det skrittet å avlive hunden. Eg ville jo tenkt at det må vere FØR hunden får sjans til å sette tennene i sauen, skjølv om eit bittmerke ville vore eit greit "bevis" i saka vidare. Så lenge dyra er uskada vert det ord mot ord.
På den useriøse sida...
Eg er eit utprega kattemenneske, og hundar er absolutt ikkje "my cup of tea", så i denne saka mista hundeeigaren meg idet han fortalde at hunden sov i senga hans om natta. Urk! (Og sjølv om eg likar kattar, ville eg aldri hatt ein i senga, berre så det er sagt.)
__________________
05 - 06
|