Sv: Kun 45 minutter sammen med sitt barn?
Det er jo ikkje mengden lekser som er problemet slik eg ser det. Problemet er at leksene i stor grad krever involvering frå foreldra.
Eg må sette meg inn i alt det dei lærer om lesestrategi, BO-blikk osv for å kunne hjelpe femteklassingen min med leksene. Eg er akademiker, har alltid vore såkalt skulesterk og fullt ut i stand til å sette meg inn i det (sjølv om eg som realist syns det er fryktelig tullete og omstendelig), men det er mange foreldre der ute som nok syns det er vanskelig å hjelpe barna med dette. Det er jo nytt stoff for dei fleste, vil eg tru. Eg kan i alle fall ikkje hugse at vi holdt på med dette då eg gjekk på skulen.
Mange opplever nok det samme som meg når dei skal hjelpe barna med matte-leksene. Det var fleire som nevnte det på foreldremøtet i år. Det står ingen forklaring av framgangsmåte i matematikkbøkene som foreldre kan sjå på når dei skal hjelpe barna sine. I allefall ikkje i den serien som blir brukt på vår skule (Abakus). Matematikk har alltid vore mitt stertaste fag, så stort sett klarar eg å hjelpe der. Men på eindel områder tenker dei annerledes enn det vi gjorde då eg gjekk på skulen, så eg har blant anna fått tilbakemelding på at eg har hjelpt på feil måte med brøkregning.
__________________
Mamma til to jenter sep-04 og mars-07 og lillebror april-11
|